Annonse

Fagforbundet støttar Israel-boikott

Med overveldande fleirtal har Fagforbundet vedtatt å støtte den palestinske boikotten av Israel.

Mot éi stemme vedtok dei 430 delegata på landsmøtet til Fagforbundet torsdag ei fråsegn der dei støttar den palestinske boikottrørsla BDS, skriv FriFagbevegelse på nettsidene sine.

170 palestinske organisasjonar er med i rørsla, som bruker boikott av israelske varer, de-investeringar og sanksjonar i kampen for å få Israel til å avslutte okkupasjonen av Vestbreidda, Aust-Jerusalem, Gaza og Golanhøgdene og anerkjenne at dei palestinske flyktningane har rett til å vende tilbake.

- Okkupasjonen blir verre og verre og resolusjonar og fordømming verkar ikkje. Det gjer derimot økonomiske pressmiddel, seier Stein Guldbrandsen, som har ansvaret for Fagforbundets solidaritetsarbeid internasjonalt og nasjonalt. Fagforbundet er det største fagforbundet i Noreg.

Også LO-kongressen, det høgste organet i LO, har vedtatt å arbeide for ein «internasjonal økonomisk, kulturell og akademisk boikott av Israel».

(©NPK)

Mot berre éi stemme vedtok dei 430 delegatane på Fagforbundets landsmøte å støtte den palestinske boikotten av Israel. Her med leiar Mette Nord. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix