Annonse

Fagskule blir «høgare yrkesfagleg utdanning»

Stortinget vil heve statusen til fagskulane og endrar nemninga til «høgare yrkesfagleg utdanning». Ikkje nok, meiner LO.

Utdanningskomiteen på Stortinget leverte denne veka innstilling til ny lov om fagskulen, der fagskulen får status som høgare yrkesfagleg utdanning. Samtidig kan dei som tar to- eller treårig fagskuleutdanning, no få «høgare fagskulegrad» på vitnemålet, skriv Fri Fagbevegelse.

LO meiner likevel at fagskulane framleis får ein slags b-status. Stortingsfleirtalet vil nemleg ikkje plassere fagskulane på nivå med anna høgare utdanning. Fagskulane er plasserte på nivå 5, mens LO meiner dei høyrer heime på nivå 6, som svarer til høgskolekandidat.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Jan Haas / NTB scanpix