Annonse

Falla tok VM-gull i sprint

Maiken Caspersen Falla la konkurrentane langt bak seg i finalen og blei verdsmeister i sprint i Lahti torsdag.

Annonse

Dermed gjorde Fetsund-jenta akkurat som under OL i Sotsji i 2014. Også der gjekk ho til topps.

Jessica Diggins frå USA tok sølvet, mens bronsemedaljen gjekk til lagvenninna Kikkan Randall.

Falla, som var klart best også i prologen, var einaste norske jente i finaleheatet.

Den norske sprinteksperten tok bronse både i VM i Falun i 2015 og VM i Val di Fiemme i 2013. Torsdag blei det gull.

-Eg kan ikkje tru kva som akkurat skjedde. Eg hadde ein fantastisk dag, og skia var gode. Det var laust i sporet, men det er akkurat slik eg vil ha det, sa Falla.

-I den siste svingen tenkte eg "dei er rett bak meg, dei er rett bak meg". Diggings har vore heilt sjukt god i den siste bakken heile dagen, la 26-åringen til. Sjølv vann ho med mange meter.

Bjørgen rauk

I målområdet stod mamma Heidi Caspersen og jubla for dottera.

-Eg har ikkje ord kor stolt eg er av Maiken. Ho har vore i finalen i kvart einaste verdscuprenn i vinter også. Eg veit ikkje kva eg skal seia no, men eg er heilt utanfor meg sjølv, sa ho til NRK.

Regjerande verdsmeister Marit Bjørgen rauk ut i kvartfinalen. Langrennsdronninga frå Rognes var nummer åtte i prologen og hamna i heat med mellom andre Ingvild Flugstad Østberg og Heidi Weng. Der var dei norske jentene på defensiven heile vegen, og berre Weng klarte med eit nødskrik å ta seg vidare.

- Sjølvsagt var eg frustrert då eg gjekk i mål, eg vil jo prestera betre. Men det har vore slik i vinter, eg har ikkje vore i sprintfinalar sidan eg kom tilbake, sa Bjørgen til NTB etter exiten.

Vonbrot i VM-debuten

Kathrine Harsem gjekk det første VM-rennet i karrieren torsdag. 28-åringen gjekk ein god prolog til sjuandeplass, men i kvartfinalen var debuten over også for henne. Harsem sleppte Stina Nilsson og amerikanske Sophie Caldwell framfor seg inn på oppløpet, og tida til Varden-løparen var ikkje sterk nok til å gå vidare på tid.

Svenske Nilsson var den store favoritten før sprinten torsdag, men mislykkast. Malung-jenta gjekk over ende i semifinalen og rauk ut.

Heidi Weng rauk også ut i semifinalen.

(©NPK)