Annonse

Fann gullring frå romartida i potetåkeren

(NPK-NTB): I haust og i fjor haust er det gjort om lag 50 historiske funn av gjenstandar i potetåkrane i Sunndal i Møre og Romsdal. Nokre gjenstandar er over 2.000 år gamle.

Ein av gjenstandane er deler av ein gullring frå romartida, skriv Adresseavisen.

– Ein ting er å finne ein gullklump. Noko heilt anna er det å finne ein del av ein slangehovudring som er 1.600 år gammal. Då er det ekstremt spesielt. I romartida var det ikkje mange som hadde noko slikt i Midt-Noreg. Dette var ingen kven som helst, seier Christian Senundset Husby.

Det var kameraten hans Alf Harald Dragseth som fann gullringen, som skal vere den første gullgjenstanden som er funnen i Sunndal fram til no.

– Eg skulle krysse eit felt det var tre av oss som jobba på. Eg gjekk raskt over med metalldetektoren medan eg gjekk – og fann ringen heilt tilfeldig, seier Dragset.

Arkeolog Jarle Stavik frå Nordmøre museum meiner at gullringen frå romartida vart brukt som symbol og pynt – og viser status.

– Gull frå eldre jernalder blir av arkeologane gjerne brukt for å vise til stader der det sat folk med makt, i samanheng med eit hierarki der mengda gull viste kvar ein var på rangstigen innan eliten. Mannen som hadde denne ringen med dobbelt slangehovud har sannsynlegvis hatt underliggjande krigarar på garden, seier Stavik. (©NPK)