Færre får diabetes type 2

Talet på nye tilfelle av diabetes 2 vart redusert med rundt ein tredel i åra mellom 2009 og 2014, viser ein studie frå Folkehelseinstituttet.

I 2009 fekk drygt 16.000 personar diagnosen diabetes 2. Fem år seinare var det 11.000 nye tilfelle av det instituttet omtalar som ein av dei store folkesjukdommane.

- Derfor er det spesielt gledeleg at vi ser ein nedgang i nye tilfelle, og at det gjeld alle aldersgrupper, alle utdanningsgrupper og dei fleste innvandrargrupper, seier førsteforfattar Paz Lopez-Doriga Ruiz, som er doktorgradsstipendiat ved Oslo universitetssjukehus og ved Folkehelseinstituttets avdeling for kroniske sjukdommar og aldring.

Ho legg likevel til at dei ikkje veit om nedgangen er mellombels og om tala har gått opp seinare, eller om dei har halde fram å gå ned. Ruiz håpar difor arbeidet med årlege oppdateringar kan fortsette.

Totalt fekk 75.000 personar type 2 diabetes i perioden januar 2009 til juni 2014.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB scanpix