Færre frå Skandinavia sluttar seg til IS

(NPK-NTB-Ritzau): Talet på svenskar, danskar og nordmenn som reiser til Midtausten for å kriga saman med IS, har gått ned.

Det konkluderer etterretningstenestene i dei tre landa, ifølgje nyheitsbyrået Ritzau. Éi av årsakene skal vera hardare militært press mot den ytterleggåande islamistgruppa.

Minst 135 danskar har reist til Syria for å kjempa saman med IS, ifølgje Politiets Efterretningstjeneste (PET). Men dei danske etterretningsfolka slo tidlegare i år fast at det reiser færre no enn tidlegare.

Talet på svenskar som reiser for å utkjempa «heilag krig» saman med IS, skal ha vore høgast i 2013 og 2014. I 2015 var talet meir enn halvert, skreiv den svenske etterretningstenesta Säpo nyleg i ein rapport.

PST i Noreg ventar at talet på norske IS-rekruttar vil falla i 2016 og meiner militæroperasjonane mot ekstremistgruppa avskrekkar folk som kunne vurdert å reisa. (©NPK)