Annonse

Færre inn- og utmeldingar i Kyrkja

Den norske kyrkja opplevde færre inn- og utmeldingar i årets første halvår. Det er framleis fleire som forlèt Kyrkja enn sluttar seg til den.

Annonse

Medan det var rundt 9.500 utmeldingar i løpet av dei seks første månadene i 2017, var talet rundt 6.000 i år, skriv Dagen. Talet på innmeldingar gjekk ned frå 1.400 til 1.100, viser tal frå Kyrkjerådet.

Preses Helga Haugland Byfuglien er ikkje overraska over nedgangen. Ho omtaler årets aktivitet som ei normalisering og trekkjer fram eit par moglege forklaringar.

- Den viktigaste er at det no ikkje lenger er ein nyheit at det er mogleg å melde seg ut og inn av Den norske kyrkja digitalt. Truleg var dei høge tala frå førre år, særleg når det gjeld utmelding, ein respons på denne enklare måten å avklare medlemskapen sin til Den norske kyrkja på, meiner Byfuglien. Då det i august 2016 blei opna for digital utmelding, melde nesten 26.000 seg ut.

Kyrkjas «første blant likemenn» peiker også på at det no har gått ei stund sidan Kyrkja i januar 2017 vedtok ein liturgi for vigsel av likekjønna.

- Det er grunn til å tru at dei fleste som har villa melde seg ut eller inn av kyrkja knytt til det vedtaket, har gjort det tidlegare enn siste halvår, seier ho.

(©NPK)

Det var langt færre inn- og utmeldingar i Den norske kyrkja i årets første halvår, samanlikna med same periode i fjor. Illustrasjonsfoto: Erik Johansen / NTB scanpix