Annonse

Færre studentar står i bustadkø

10.612 studentar står no i kø for å få studentbustad. Det er 1.720 færre studentar enn på same tid i fjor.

Tala kjem frå ein oversikt Norsk studentorganisasjon har laga i samarbeid med studentsamskipnadane i Noreg.

- Det er bra at færre studentar er i studentbustadkø. Over 10.000 studentar som ventar på studentbustader i studiestarten er likevel altfor mange. Dei første vekene skal brukast til å bli kjent med medstudentar og faget ditt, ikkje til å stresse med å finne ein stad å bu, seier leiar Håkon Randgaard Mikalsen i Norsk studentorganisasjon i ei pressemelding.

Studentorganisasjonen viser til at regjeringa over tid har satsa på bygging av studentbustader, og at det er éin av grunnene til at det i år står færre studentar i kø. Dei meiner likevel at behovet er større enn talet på bustader som blir bygde i dag.

- Behovet for fleire studentbustader er framleis veldig stort. Dersom regjeringa og Stortinget fortset å auke talet på studieplassar, må dei også auke byggjetakten dei neste åra. Vi må kunne konsentrere oss om studiane og ikkje om å finne ein stad å bu, sjølv om vi blir fleire studentar, seier Mikalsen.

(©NPK)

Regjeringa har satsa på bygging av nye studentbustader. Her er nybygde studentbustader på Kringsjå i Oslo. Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix