Annonse

Feirar hundreårsdag med frimerke

Posten markerer at Norges Musikkorps Forbund fyller hundre år i 2018 med to nye frimerke.

Annonse

Spjelkavik skolekorps frå Ålesund og Kampen Janitsjar frå Oslo er valde som motiv på dei to frimerka som kom ut fredag. Dei er plukka ut blant 1.600 korps som i desse dagar ligg i hardtrening for høgsesongen.

- Ingen kan tenkje seg 17. mai utan korpsmusikk. I hundre år har korpsrørsla skapt glede og vore ein viktig hobby for hundretusenvis av norske gutar og jenter. For mange er hobbyen blitt livsvarig, og for nokon også eit yrke, seier konserndirektør Gro Bakstad i Posten.

Dei to korpsa som er gjort udøyeleg på frimerke, er blant veteranane i forbundet. Spjelkaviks skolekorps feirar 65-årsjubileum i år, mens Kampen Janitsjar blei etablert allereie i 1929.

Begge korpsfrimerka har verdi Innland (14 kroner), og kan dermed brukast på vanlege brev opp til 20 gram i Norge.

(©NPK)

Kampen Janitsjar frå Oslo er motivet på det eine av to av frimerke Posten gir ut i høve hundreårsjubileet til Norges Musikkorps Forbund i 2018. Frimerket er designa av Kristin Granli, med utgangspunkt i eit bilete tatt av tidlegare NTB-fotograf Morten Holm. Foto: Posten / NTB scanpix

Spjelkavik skolekorps frå Ålesund er motivet på det eine av to av frimerke Posten gir ut i høve hundreårsjubileet til Norges Musikkorps Forbund i 2018. Frimerket er designa av Kristin Granli, med utgangspunkt i eit bilete tatt av fotograf Fridgeir Walderhaug. Foto: Posten / NTB scanpix