Annonse

Fem franske tenestemenn omkom i flystyrt på Malta

(NPK-NTB-DPA): Fem franske statsborgarar mista livet då eit småfly styrta på Malta måndag morgon. Dei fem var tenestemenn som skulle overvake menneske- og narkotikasmugling.

Det tomotors flyet av typen Fairchild Metroliner styrta klokka 7.20 måndag morgon nær rullebana på den internasjonale flyplassen i Luqa, like etter avgang.

Seinare måndag formiddag stadfesta Maltas styresmakter at dei fem omkomne var franske statsborgarar. Dei skulle delta i ein fransk tollaksjon som har gått føre seg i fem månader der målet er å kartleggje menneske- og narkotikasmugling.

Flyet var registrert som ei lokalflyging, og skulle vere i lufta nokre timar før det skulle returnere til Malta, utan å lande nokon stader undervegs, opplyser styresmaktene på øystaten.

Eit augevitne seier til Times of Malta at flyet steig, før det plutseleg bikka over til høgre side og styrta rett ned i bakken. Ei tjukk røyksøyle steig opp frå det brennande vraket.

Dei første meldingane gjekk ut på at flyet visstnok var på veg til Misrata i Libya, og at det var innleigd i Luxembourg av EUs grensebyrå Frontex. Frontex avkrefta dette på Twitter kort tid etter. EUs utanrikssjef Federica Mogherini avkrefta like etterpå på Twitter at det var EU-tilsette om bord, og flyet hadde ingen band til EUs aktivitetar, skreiv ho. (©NPK)