Annonse

Fifa straffar spansk fotball

(NPK-NTB-DPA): Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) har bøtelagt Det spanske fotballforbundet (RFEF) med 1,9 millionar kroner (220.000 sveitsiske franc) for brot på overgangsreglane for mindreårige spelarar.

Fifa gav RFEF ein seks månaders frist for å gjere om overgangsreglane sine for spelarar under 18 år slik at det er i samsvar med reglane til Fifa.

Avgjerda kjem etter at Fifa har etterforska ei sak der utanlandske spelarar under 18 år var registrerte hos Atlético Madrid mellom 2007 og 2014 og hos Real Madrid mellom 2005 og 2014.

I januar straffa Fifa klubbane med å nekte dei å signere med nye spelarar dei to neste overgangsvindauga. Begge klubbane anka avgjerda, men begge er blitt avviste av appellutvalet til Fifa. (©NPK)