Annonse

Filippinske styresmakter: I snitt blir 40 personar drepne i veka i narkotikakrigen

Offensiven til politiet mot narkotika har i gjennomsnitt kravd 40 dødsoffer i veka dei siste to år, viser statistikk frå filippinske styresmakter.

Frå 30. juni 2016 til 31. juli 2018 blei i alt 4.410 såkalla narkotika-tilknytt personar drepne under aksjonane til politiet, seier ein talsmann for det nasjonale politiet.

I dei tre første månadene av president Rodrigo Dutertes kamp mot narkotika blei det drepne 105 personar i veka, opplyser politiinspektør Benigno Durana Jr. Talet på drepne er blitt mindre, ikkje minst fordi framgangsmåten til politiet har ført til ein storm av protestar.

- Dette har fått regjeringa til å revurdere korleis kampen best kan bli ført, seier Durana. Han seier at kampen også framover vil bli ført utan nøling, men at politiet til tider også kan opptre på ein human måte.

Berre i juli månad aleine blei likevel 56 såkalla mistenkte drepne under politiaksjonar.

Human Rights Watch trur at talet på dødsoffer kan stige til over 12.000, blant dei offera for frittståande leigemordarar som ofte blir brukt i det skjulte for å gjere arbeidet til politiet.

(©NPK)

Politiet i Filippinane lover å fortsette den knallharde kampen mot narkotika.
Foto: AP/NTB scanpix