Annonse

Fire av ti svenskar trur på norsk langrennsdoping

(NPK-NTB): 41 prosent av den svenske befolkninga trur at Noreg driv med systematisk langrennsdoping, melder Aftonbladet.

Annonse

33 prosent svarer «truleg» på om dei norske driver med systematisk doping, 8 prosent svarer «heilt sikkert». 5 prosent svarer «heilt sikkert ikkje», 35 prosent svarer «truleg nei» og 19 prosent er usikre.

– Eg blir lei meg når eg ser desse tala, seier Niklas Dyrhaug.

I den same undersøkinga svarer 40 prosent at dei trur Therese Johaug har dopa seg med vilje, 23 prosent trur ikkje at Johaug har dopa seg med vilje, medan 37 prosent er usikre.

– Vi har vore enormt bra, og mange kastar bensin på bålet. Vi har gjort grove feil, og derfor må vi stå samla, gjere alt betre og vere meir observante, seier Marit Bjørgen.

Til saman 1412 personar er intervjua i undersøkinga, og den svenske mistrua er betydeleg.

– Dette er ikkje bra, og det er ikkje ein situasjon vi ønskjer å vere i. Vi synest det er slitsamt å bli utsette for ei slik mistru, seier Finn Hågen Krogh. (©NPK)