Annonse

Fire av ti usikre kven som har best arbeidsløysepolitikk

Fire av ti er usikre på kva for eit norsk parti som er best på økonomisk tryggleik ved arbeidsløyse, viser ei ny undersøking.

Annonse

- Delen som ikkje har ei oppfatning er oppsiktsvekkjande høg og burde interessere fleire parti, men særleg Arbeidarpartiet, seier valforskar Anders Todal Jenssen ved NTNU i Trondheim til Dagsavisen.

28,5 prosent av dei spurde meiner Arbeidarpartiet har best politikk for å sikre økonomisk tryggleik ved arbeidsløyse. Åtte prosent svarte Høgre, mens 11,2 prosent valde SV. Det kjem fram i YS' arbeidslivsbarometer som blir lagt fram under Arendalsveka tysdag.

Heile 38 prosent svarte at dei ikkje veit.

- Eg merkar meg at det er mange som er usikre på kva for eit parti dei meiner er best i desse viktige spørsmåla. Det får vi ta med oss. Vi skal mobilisere dei som ikkje har bestemt seg ved å vise fram at vi har den beste politikken for vanlege arbeidsfolk, seier nestleiaren i Arbeidarpartiet, Hadia Tajik, til avisa.

I 2017 fekk Arbeidarpartiet veljartillit på eldreomsorg, mens fleire oppgav at dei hadde høgare tillit til både Venstre og Høgre når det gjeld økonomi, industri og sysselsetting.

(©NPK)

Nestleiaren i Ap, Hadia Tajik seier partiet skal mobilisere dei som ikkje er sikre ved å vise at «Ap har den beste politikken for vanlege arbeidsfolk». Her saman med partileiar Jonas Gahr Støre under Arbeidarpartiets halvårlege pressekonferanse.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix