Annonse

Fire NFL-kampar i London neste år

(NPK-NTB-AFP): National Football League (NFL) har vedteke å auke talet på kampar som skal spelast i London frå tre til fire neste sesong. Årsaka er «utruleg NFL-interesse» hos britane, seier NFL-sjefen.

Annonse

Det har blitt spelt tre NFL-kampar i London kvart år sidan 2014. No vert altså kamptalet auka til fire. 13. desember blir det offentleggjort kva lag og kva kampar som skal spele i den engelske hovudstaden neste år.

– Vi er begeistra over den utruleg store interessa blant millionar av britiske NFL-fans. Vi ser fram til å ta neste steg. Det gjer vi ved å auke talet på kampar i London til fire, seier NFL-sjef Roger Goodell.

London-ordførar Sadiq Khan drøymer om å få eit eige NFL-lag til London. Han meiner auken i talet på kampar er eit steg i riktig retning i så måte.

– London er NFLs internasjonale heim, seier Khan.

National Football League er øvste nivå i amerikansk fotball. (©NPK)