Annonse

FIS vedtok ny regel for stavlengde

(NPK-NTB): Det internasjonale skiforbundet (FIS) vedtok fredag at stavlengda i klassisk maks kan vere 83 prosent av kroppslengda målt med konkurransesko.

Annonse

– Dette er eitt av fleire grep for å bevare klassisk langrenn. Alle var einige om at det måtte komme ein regel, så var det diskusjonar om prosentar, seier Norges representant i verdscupkomiteen i FIS, Åge Skinstad, til NTB.

Tyskland foreslo ei maksgrense på 85 prosent til den aktuelle løparen. Avgjerda fredag vart 83 prosent målt med konkurransesko. Målepunktet på staven er der stroppen går ut frå handtaket.

– Dette svarar til cirka 85 prosent i forhold til kroppshøgda til løparen og den lengda som i dag er oppgitt på staven. Det er veldig viktig å få fram. Eg kan framleis bruke 150-stavane mine fordi eg blir 178 med sko og med der det vert målt på stavane blir det 179,5 cirka. Det er ikkje meir drastisk enn det, forklarer Skinstad.

– Det var også viktig at utøvarane slapp å ta av skoa når dette skulle målast.

Stavlengda er eitt av fleire tiltak som er innført for å bevare klassisk langrenn.

I Cancún vart det bestemt at ein skulle sørgje for at klassisk langrenn vart lagt til løyper som var tilrettelagt for det. I fjorårets verdscupsesong vart to renn vunne med staking utan smurning. I Toblach, der dette var tilfelle, vil det i framtida berre bli arrangert renn i fri teknikk – inntil dei eventuelt kan presentere ei ny løype.

Det vart også bestemt at juryen kan diskvalifisere utøvarar for skøytetak utan videobevis. Dette vart gjort for at reglene skulle bli betre og strengare overhaldne.

Det siste tiltaket var at det er lov å leggje stakefrie soner der ein må gå diagonalt med armar og bein. (©NPK)