Annonse

Fisk snakkar mange «språk»

(NPK-NTB-TT): Seier fisken blubb? Nei, meiner forskarar. Ulike artar kan lage alt frå gryntelydar til lydar som minner om tåkelurar og mongolsk strupesong.

Annonse

Interessa for kva lydar fisk lagar har vakse dei siste åra, og forskarar har blant anna undersøkt kva som ligg bak dei nattlege serenadane til den syngjande paddefisken, kjent som Midshipman på engelsk.

Når det er tid for paring legg hannfisken seg under steinar, medan han prøver å lokke til seg hoer ved å lage ein summande lyd. Ein enkelt lyd kan vare frå eitt minutt til nesten to timar, og lyden har blitt samanlikna med ein tåkelur, mongolsk strupesong eller det elektriske bruset som kjem frå forsterkarar.

Hoene går så etter den hannen som lagar mest lyd.

Sandkutling, knurr, torsk og kolje er alle artar som kommuniserer ved hjelp av lydar.

– Det er ein gryntande, pulserande lyd. Det kan vere ein eller to korte lydar, eller dei kan vere lengre, seier marinbiolog Mattias Andersson ved det svenske Totalförsvarets forskningsinstitut (FOI).

Også torsken brukar lyder for å lokke til seg partnarar, men ifølgje Andersson kan det også brukast for å markere revir.

Hoene kan også lage lydar, men ikkje i like stor grad som hannane.

– Støynivået i havet har auka og vi har fått betre teknikk til å undersøkje lydane. Vi blir betre i stand til å forstå den undersjøiske verda. Vi kjem til å oppdage fleire artar som lagar lydar, og lære meir om kva dei brukar lydane til, seier han. (©NPK)