Annonse

Fjord Line doblar kapasiteten mellom Kristiansand og Hirtshals

Det norskeigde reiarlaget Fjord Line har investert i ny katamaran som har kapasitet til å frakte 1.200 passasjerar og 400 bilar mellom Kristiansand og Danmark.

Annonse

- Dette er ein ny milepæl i utviklinga til Fjord Line. Vi har lukkast svært godt på ruta dei siste åra og er strålande fornøgde med å ha bestilt eit nytt skip, seier Rickard Ternblom, konsernsjef i Fjord Line AS.

Frå 2014 til 2016 voks Fjord Line med 26.000 passasjerar og 7.400 bilar på ruta mellom Kristiansand og Hirtshals. I 2016 frakta reiarlaget 213.000 passasjerar på ruta, fordelt på 576 seglingar.

Det australske verftet Austal Ships Pty Ltd har fått oppdraget med å byggje det nye katamaran-skipet, som skal stå klart til sommarsesongen 2020. Det nye skipet blir 109 meter langt og 30,5 meter bredt.

Det vil halde same fart som HSC Fjord Cat har i dag. Den frakter passasjerar over Skagerrak på i overkant av to timar.

(©NPK)

Illustrasjon av ny katamaran som skal byggjast og setjast inn i den aukande trafikken mellom Kristiansand og Hirtshals. Foto: Austal artist impression / NTB scanpix.