Annonse

Flåmsbana opnar igjen etter skred

Fredag morgon blir Flåmsbana, som har vore stengt sidan onsdag på grunn av skred, opna igjen.

Stein- og jordskredet gjekk cirka 8 kilometer frå Myrdal stasjon, som er den øvste stasjonen på toglinja. Arbeidet med å reinske lause steinar i fjellsida vart avslutta torsdag kveld, iføgje Bane NOR.

- Entreprenøren er i gang med å rydde sporet slik at Bane NORs mannskap kan reparere skadane. Arbeidet blir etter planen gjort ferdig i løpet av kvelden og natta. Bana skal vere klar for trafikk klokka 9 fredag morgon, heiter det.

(©NPK)