Annonse

Flaumen i India har tatt over 160 liv

Talet på omkomne i flaumen i delstaten Kerala sør i India har stige til 164, opplyser styresmaktene i landet.

I tillegg har om lag 220.000 mista heimane sine, opplyser styresmaktene fredag.

Soldatar og redningsarbeidarar jobbar framleis med å redde folk frå vassmassane, og helikopter tar del i redningsaksjonane.

Alle 14 distrikt i Kerala er ramma av flaum. Hundrevis av landsbyar er oversumt, og tusenvis av bustader og fleire hundre kilometer med vegstrekningar er øydelagt.

Kerala har vore ramma av kraftig regn sidan 8. august. Det er meldt framleis regn fram til laurdag.

(©NPK)

Bildet er tatt i Kerala torsdag. Foto: K. Shijith / AP / NTB scanpix