Annonse

Fleire Anthon Berg-sjokoladar blir trekt frå butikkane

Godteriprodusenten Toms kallar tilbake ytterlegare fire Anthon Berg-produkt frå taxfreebutikkar i Noreg på grunn av funn av oransje plastbitar.

Annonse

Tidlegare i desember blei to produkt trekt frå taxfreebutikkane på flyplassane Gardermoen, Værnes, Sola, Flesland og Kjevik, melder Dagbladet.

Sjokoladen er produsert i Danmark, og plastbitane som er funne, skal stamme frå produksjonsutstyret, skriv Toms i ei pressemelding. Plastbitane kan vere opptil 3 centimeter store.

Godteriprodusenten har no kalla tilbake desse produkta: Sweet moments marzinpan Bar, Sweet moments Collection, After Dinner sjokolade, Marziban Bar Cognac og sjokoladeeskene Luxury Gold og Diplomat 1 kg.

Mattilsynet ber forbrukarar som har kjøpt produkta, om å kaste dei eller å kontakte butikken der dei er kjøpt, for å få tilbake pengane.

(©NPK)

Anthon Berg kallar tilbake fire nye produkt frå taxfreebutikkane på Gardermoen, Værnes, Sola, Flesland og Kjevik.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix