Annonse

Fleire drepne i skyting på kjøpesenter i München

(NPK-NTB-DPA-AFP): Fleire personar er drepne og såra etter at ein person opna eld på eit kjøpesenter i München, opplyser politiet ifølgje tyske medium. Gjerningspersonen skal framleis vere på frifot.

Annonse

Omstenda rundt skytinga er førebels ikkje kjende, men ifølgje Süddeutsche Zeitung skal det vere snakk om éin gjerningsperson som opna eld inne på kjøpesenteret ved 18-tida fredag.

Det er uklart kor mange som er drepne eller såra. Avisa Münchner Abendzeitung skriv ifølgje Reuters at opptil 15 personar er drepne, men det er ikkje stadfesta frå offisielt hold.

Skytinga er over, melde CNN i 19-tida. Ifølgje den tyske TV-kanalen NTV er gjerningsmannen på frifot og all offentleg transport er stoppa.

Alle bussar, trikkar, T-baner og tog er stoppa, og folk vert bedne om å halde seg unna offentlege plassar.

– Eg høyrde skyting og såg såra, seier ei kvinne som jobbar på eit apotek i kjøpesenteret, til Süddeutsche Zeitung. Ho fortel at folk flykta i panikk då skytinga braut ut.

Augevitne fortel at det er fleire politihelikopter som sirklar over området, og politiet stadfestar at ein massiv politioperasjon er i gang.

Kven som står bak fredagens skyting, er enno ikkje kjent. (©NPK)