Annonse

Fleire jordskjelv i nærleiken av vulkan på Island

(NPK-NTB-TT): To store og fleire små jordskjelv er registrert rundt vulkanen Katla på Island. Førebels er det lite som tydar på at det blir vulkanutbrot.

Natt til måndag blei det registrert to skjelv med ei styrke på høvesvis 4,5 og 4,6 på Richters skala ved vulkanen Katla. Det var fleire mindre etterskjelv etter desse to, skriv den islandske nettavisa Vísir.

Det er førebels få teikn til at det blir vulkanutbrot ved Katla, men styresmaktene opplyser at dei vil følgje nøye med på situasjonen.

– Dette er blant dei større jordskjelva vi har registrert her i området. Det medfører samstundes ikkje noko frykt for vulkanutbrot. Ein kan seie det slik at dette er Katla som minner om at ho eksisterer, seier Gunnar B. Guðmundsson, geofysikar ved Meteorologisk institutt på Island, til Vísir.

Storvulkanen Katla er ein av dei mest aktive vulkanane på Island, og etter utbrotet til Eyjafjallajökull i mars 2010 frykta geofysikarar på Island at Katla skulle følgje etter. Det skjedde ikkje, og det siste utbrotet til Katla var i 1918.

Forskarar trur at eit nytt utbrot vil kome, men det kan framleis dryge år eller tiår til det skjer igjen. (©NPK)