Annonse

Fleire regjeringsmedlemmer har brote mobilreglane

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) og to statssekretærar følgde ikkje reglane da dei tok med seg tenestetelefonar til høgrisikoland.

Annonse

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) og to statssekretærar følgde ikkje reglane da dei tok med seg tenestetelefonar til høgrisikoland.

- Det var ikkje gjort tryggingsvurderingar i departementet og sett i verk tiltak for å sikra telefonane, skriv justis- og beredskapsminister Tor Mikkel Wara i eit svar til Stortinget som Dagens Næringsliv siterer frå.

Solvik-Olsen, som også er andre nestleiar i Framstegspartiet, hadde med seg telefonen under opninga av ein veg mellom Russland og Noreg i fjor haust. Det same hadde statssekretær Tom Cato Karlsen (Frp).

- Dei få timane statsråden var i Russland, var mobiltelefonen bevisst sett i flymodus og i personleg varetekt under heile opphaldet. Telefonane hadde ikkje saksbehandlingssystemet til departementet installert, skriv Wara.

Statssekretær Petter Kvinge Tvedt i Finansdepartementet tok dessutan med seg tenestemobilen på ei privat reise til Hongkong og Macao i mai 2016. Heller ikkje han hadde installert saksbehandlingssystemet til departementet.

Samferdselsdepartementet strekar under at det blei gjort ei sikkerheitsvurdering før besøket til statsråden i grenseområda i Russland,

- I lys av dei diskusjonane dei siste vekene har Samferdselsdepartementet teke kontakt med Politiets tryggingsteneste om telefonane burde undersøkjast. PST vurderte at dette ikkje var nødvendig og gav uttrykk for at tiltaket som var gjort under besøket var formålstenleg i den aktuelle situasjonen, med eit kort opphald over grensa, sjølv om det generelle rådet er å ikkje ta med seg jobbtelefonar til Russland, skriv kommunikasjonssjef Susanne Moen Stephansen i Samferdselsdepartementet i ein e-post til NTB.

(©NPK)

Samferdselsminister og Frps andre nestleiar Ketil Solvik-Olsen følgde ikkje tryggingsreglane da han hadde med seg jobbtelefonen på ein kort tur til Russland i fjor haust. Foto: Ørn Borgen / NTB scanpix