Fleire skogbrannar herjar i Sør-Noreg

Etter ein hektisk tysdag formiddag med fleire titals brannar på Sør-Noreg, kom det stadig inn meldingar om nye skogbrannar. I Hedmark er fleire hus evakuerte.

Rundt klokka 17.00 blei det meldt om ein skogbrann ved Vermundsjøen i Hedmark etter at ein høyballpresse tok fyr. Brannen er ikkje under kontroll, og fleire hus blir evakuert.

- Sju husstandar er evakuerte, inkludert eit hus der det var 40 til 50 hundar som også måtte evakuerast, seier operasjonsleiar Ole-Erik Løkker Skogheim i Innlandet politidistrikt til NTB.

Operasjonsleiaren seier at det er ein alvorleg brann, der store mannskap hjelper til, inkludert helikopter og Sivilforsvaret.

I Losby, Hurdal og Drangedal blei det også meldt om skogbrannar ute av kontroll.

Bryt lova

På grunn av dei mange skogbrannane i Sør-Noreg har Ole Christian Torgalsbøen, brannsjef i Halden og Aremark brannvesen gått ut og sagt at arbeidsmiljølova må brytast.

- Mannskapa er utslitne, og vi har tatt grep for å kunne handtere vidare hendingar. Men vi har brote alt som er av arbeidsmiljølover, og budsjetta er raude heile vegen. Det går blant anna på tal på arbeidstimar. Dette er ein ekstrem situasjon, seier Torgalsbøen til NRK.

Røyklukt frå Sverige

Innlandet politidistrikt melder at fleire i Trysil har meldt om sterk røyklukt i området. Røyklukta kjem ifølgje politiet frå Sverige der det er to store skogbrannar i nærleiken av grensa. Det er vestleg vind og røyken sig dermed mot Noreg.

Mannskap frå Stjørdal brann- og redningsteneste har dratt over grensa for å hjelpe til med sløkking av skogbrannane i Sverige.

Det vil bli sendt eit brannfly frå Trysil for å få oversikt, opplyser politiet.
EMBED START Image Det brann eit titals stadar i Sør-Noreg tysdag formiddag. Verst er det på Sørlandet med ti brannar, og i Trysil merker ein røyken frå skogbrannane i Sverige. Bildet er frå Valle i Setesdal sist helg. Foto: Rolf Andre Grimsby / NTB scanpix EMBED END Image(©NPK)