Fleire TV-stasjonar stengde av tyrkiske styresmakter

(NPK-NTB-DPA-AP): Tyrkiske styresmakter stoggar sendingane til ei rekke TV- og radiokanalar som dei meiner utgjer ein sikkerheitstrussel.

Torsdag blei over 20 TV- og radiokanalar stengde av styresmaktene, ifølgje det tyrkiske statlege nyheitsbyrået Anadolu. Dei skal ifølgje styresmaktene ha hatt koplingar til terrorgrupper og andre grupper som utgjer ein trussel mot nasjonal sikkerheit.

Ifølgje lokale medium er dei fleste kanalane prokurdiske, inkludert ein barnekanal som sender teikneseriar som er dubba til kurdisk.

The Comittee to Protect Journalists (CPJ) ber Tyrkia om å reversere avgjerda.

– Regjeringa har allereie ført ein stor del av pressa som har vore kritisk til regjeringa, til tausheit. Dei held fram med kampanjen sin mot kulturell og politisk ytringsfridom, sa CPJ-leiar Robert Mahoney torsdag.

Ifølgje Anadolu er kanalen IMC TV blant kanalane som skal stengjast. Nyheitsdirektør Hamza Aktan sa fredag at dei ikkje har fått offisiell stadfesting på dette.

Det er unntakstilstanden i landet som opnar opp for at styresmaktene kan stengje kanalane. Sidan unntakstilstanden i Tyrkia blei innført etter kuppforsøket, er om lag 32.000 personar arresterte, skulda for tilknyting til kuppforsøket. Titusenvis av offentlege tilsette er suspenderte på grunn av mistankar om koplingar til kuppmakarane. (©NPK)