Annonse

Fleire vaksne svenskar bruker cannabis

Stadig fleire vaksne svenskar bruker cannabis jamt, ifølgje ein ny studie.

Studien frå Centralforbundet för alkohol og narkotika (CAN) viser at talet på dei som hadde brukt cannabis det siste året, auka frå 2,5 prosent i 2013 til 3,6 prosent i 2017.

Forskarane nemner ein auke på 1,1 prosentpoeng som «ganske mykje».

I undersøkinga blei personar mellom 17 og 84 år spurt om kor mange gonger dei hadde brukt cannabis dei siste 12 månadene.

Den aukande bruken av cannabis i Sverige kjem av ifølgje forskarane dels at tilgangen på stoffet er blitt lettare enn tidlegare, dels at det er ein tendens til legalisering rundt om i verda, blant anna i USA og Canada. Dette bidrar til å spreie oppfatninga om at cannabis ikkje er så farleg, meiner CAN.

(©NPK)