Annonse

Flyplassen i Istanbul opna etter terrorangrep

(NPK-NTB-DPA-AFP): Eit enormt hol i taket pregar ankomsthallen i Atatürk-flyplassen i Istanbul dagen etter at minst 41 menneske blei drepne i eit terrorangrep. Men flyplassen er allereie opna igjen.

Innkommande passasjerar måtte onsdag balansere forbi raserte område av flyplassen, medan arbeidarar på stillas hamra laus på veggane, og reinhaldsarbeidarar feia opp glasskår.

Tyrkiske styresmakter er svært opptekne av at flyplassen snarast mogleg skal vere tilbake i normal drift, og allereie få timar etter angrepet opna den offisielt. Men onsdag var framleis mange flygingar forseinka eller kansellert.

Dei tre sjølvmordsbombarane kom tysdag kveld til flyplassen i taxi og opna eld med automatgevær før dei utløyste bombene sine i eller ved ankomsthallen.

Politifolk fyrte av skot mot dei tre i eit forsøk på å stoppe dei før dei nådde fram til sikkerheitskontrollen, men dei klarte ikkje å hindre dei kraftige eksplosjonane. (©NPK)