Annonse

FN kallar burkiniforbod ei alvorleg krenking

(NPK-NTB-AP): FNs høgkommissær for menneskerettar meiner burkiniforbodet fleire franske byar har innført, er ei alvorleg og ulovleg krenking av heilt grunnleggjande fridomar.

Annonse

– Det er ein idiotisk motreaksjon på ekstremistiske angrep, seier høgkommissærens talsmann Rupert Colville.

FNs høgkommissær for menneskerettar ber franske styresmakter om straks å oppheve avgjerda om å forby muslimske kvinner å bere den heildekkjande badedrakta.

– Forbodet bidrar ikkje til auka tryggleik, fastslår Colville.

– Slike forbod fører til religiøs intoleranse og stigmatisering av muslimar. Det er berre med på å auke spenninga, legg han til.

Den franske grunnlovsdomstolen oppheva fredag forbodet som er innført mot å bruke burkini på stranda i byen Villeneuve-Loubet i nærleiken av Nice.

Det blir rekna med at rettsavgjerda vil skape presedens også for dei rundt 30 andre byane som har nedlagt forbod mot burkini i Frankrike. (©NPK)