FN-kolonne i Nigeria angripe av Boko Haram

(NPK-NTB-AFP-TT): To personar blei såra då ekstremistgruppa Boko Haram angreip ei FN-kolonne med naudhjelp i delstaten Borno i Nigeria.

Den eine såra er tilsett i FNs barnefond, medan den andre var innleigd til å jobbe for Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM).

Kolonna blei råka av eit bakhaldsangrep då den var på veg tilbake frå byen Bama etter å ha levert naudhjelp. Angrepet skjedde ved landsbyen Kawari.

FN opplyser at dei som følgjer av angrepet mellombels har innstilt alle naudhjelpsoperasjonar i Borno. (©NPK)