FNs generalsekretær hyllar Noregs fredsrolle

Eg beundrar Noreg, seier FNs generalsekretær António Guterres, men understrekar at det er ikkje er han som bestemmer om Noreg skal få plass i Tryggingsrådet.

Guterres besøkjer Noreg tysdag, der han deltar på fredsmeklingssamlinga Oslo Forum og møter statsminister Erna Solberg (H). Det skjer mens Noreg driv kampanje for å sikre ein plass i FNs tryggingsråd for perioden 2021-2022.

På spørsmål om hans syn på Noregs kandidatur, påpeikte Guterres at han ikkje har stemmerett.

- Det er medlemslanda som bestemmer. Men eg må seie at eg beundrar Noreg og rolla Noreg spelar for å forhindre konfliktar og løyse konfliktar. Også innan humanitær hjelp og utviklingssamarbeid har Noreg alltid vore ein leiande nasjon, seier Guterres.

Guterres deltok på ein pressekonferanse med utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) og Somalias statsminister, norsk-somaliske Hassan Ali Khayre på Losby Gods ved opninga av Oslo Forum tysdag morgon. I to dagar er 120 politikarar, fredsmeklarar og utsendingar frå heile verda samla i Oslo for å diskutere fredsprosessar.

(©NPK)

FNs generalsekretær António Guterres var full av rosande ord om Noregs rolle på den internasjonale scena då han heldt pressekonferanse saman med utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) på Losby gods tysdag morgon. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix