Annonse

FNs høgkommissær: USA burde tre fram, ikkje tilbake

USA har bestemt å trekke seg frå FNs menneskerettsråd. FNs toppsjefar seier det er skuffande, men reagerer med å forsvare rådet og det viktige arbeidet det gjer.

Annonse

USAs FN-ambassadør Nikki Haley bekrefta utmeldinga tysdag.

Ho seier USA ikkje vil vere medlem av ein «hyklersk» organisasjon som gjer menneskerettane til latter. Vidare meiner ho at rådet har vore prega av overdriven kritikk av Israel.

- I altfor lang tid har Menneskerettsrådet vore ein beskyttar av dei som bryt menneskerettane og ein pøl av politisk slagside.

- Dei mest umenneskelege regima i verda fortset å sleppe unna gransking, seier ho.

- Skuffande

FNs høgkommissær for menneskerettar Zeid Ra'ad Al Hussein kallar avgjerda «skuffande, om ikkje veldig overraskande nyheiter».

- Slik som situasjonen rundt menneskerettar er per i dag, burde USA tre fram, ikkje trekke seg tilbake, seier han.

FNs generalsekretær António Guterres svarar på nyheita om utmeldinga via sin talsperson Stephane Dujarric:

- Generalsekretæren hadde mykje heller sett at USA vart verande i Menneskerettsrådet. Det spelar ein veldig viktig rolle i å fremme og beskytte menneskerettane verda over.

Presidenten forsvarar rådet

Rådet er også mange gonger tidlegare fått kritikk. Ein viktig årsak er at land som er kjent for hyppige brot på menneskerettane, har moglegheit til å bli valt inn i Menneskerettsrådet.

Presidenten i rådet, Vojislav Suc, forsvarar rådet og arbeidet dei gjer.

- Handlingane til rådet fører til viktige resultat for dei tallause offera for brot på menneskerettar verda over, seier han.

EU seier at avgjerda av president Donald Trumps regjering «risikerer å undergrave USAs rolle som ein forkjempar for, og støttespelar av, demokratiet på verdsscena».

Unionen poengterer via sin talsperson Maia Kocijancic at dei held seg trufast og forplikta til rådet.

Netanyahu: - Modig

Israels statsminister Benjamin Netanyahu på si side lovprisar utmeldinga som «modig».

- Rådet har vist seg å vere ein partisk, fiendtleg innstilt og antiisraelsk organisasjon som har svikta i sitt ærend om å forsvare menneskerettar, heiter det frå statsministerens kontor.

FNs menneskerettsråd vart oppretta i 2006 og har som mål å vurdere menneskerettssituasjonen i FNs medlemsland.

Haley seier USA vil framleis vektleggje menneskerettar, men utanfor rådet som ho meiner ber eit feilaktig namn.

(©NPK)

USAs FN-ambassadør Nikki Haley seier USA ikkje vil vere medlem av ein «hyklersk» organisasjon som gjer menneskerettane til latter. Foto: Mary Altaffer / AP / NTB scanpix