Annonse

FNs hovudforsamling ber om våpenkvile i Syria straks

(NPK-NTB-AFP): I ei avstemming i FNs hovudforsamling stiller ein sterk majoritet seg bak resolusjonen som krev umiddelbar våpenkvile i Syria.

122 land stemte for resolusjonen, medan 13 land stemte mot i FNs hovudforsamling i New York. 36 land avstod frå å stemme.

Resolusjonen, som vart utarbeidd av Canada, ber om at kampane skal stoggast slik at nødhjelp kan komme fram. FN-resolusjonar er ikkje bindande, men gir eit sterkt politisk signal til medlemslanda. (©NPK)