FNs menneskerettsråd fordømmer Aleppo-angrep

(NPK-NTB-DPA): I ein ny resolusjon fordømmer FNs menneskerettsråd angrepa på sivile aust i Aleppo i Syria.

– Fordømmer på det sterkaste militæroffensiven aust i Aleppo utført av styrkar lojale til syriske styresmakter, og ber om at bombinga av sivile stoggar umiddelbart, heiter det i resolusjonen.

26 land stemte for resolusjonen, medan sju stemte imot. Blant landa som sette seg imot teksten var Russland, som har gitt massiv militærstøtte til det syriske regimet. 14 land avstod frå å stemme.

Den London-baserte eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) la fredag fram ei oversikt som viser at 9.364 menneske er blitt drepne i russiske flyangrep i året som har gått sidan Russland gjekk inn med militærstøtte til Assad. 3.800 av dei drepne var sivile. (©NPK)