Folkehøgskulane med søkjarrekord fjerde året på rad

For fjerde året på rad set folkehøgskulane rekord i talet på søkjarar. Professor meiner press i skulen er årsaka til det høge søkjartalet.

Tre år på rad har dei 80 folkehøgskulane sett nye elevrekordar. Nyleg avslutta 7.700 elevar folkehøgskuleåret sitt. Ifølgje sosiologiprofessor Marit Haldar ved OsloMet kjem av det høge talet skule- og eksamenspress.

- Det å skulle bli målt og vurdert i det meste, har bevegd seg lenger og lenger nedover i skulesystemet. Nokon opplever å ha prøver nesten kvar dag, og på barneskulen ser ein ungar som ønsker seg karakterar. Slik merksemd kan skape stress. PISA-sjokket rammar ikkje berre dei svakaste. Dei flinkaste elevane får flinkheitssjukdommar, meiner Haldar.

Professoren trur det er den karakterlause delen av folkehøgskulen som gjer det så attraktivt.

- Mange ungdommar har godt av eit pusteår etter vidaregåande. Dei slit med å finne ut kva dei vil, og klarer det ikkje ordentleg utan å ta ein «timeout» først. Sidan folkehøgskule er utan karakterar, gir dei elevane moglegheita til å fordjupe seg i noko dei er interessert i. Det kan gi ungdommane tilbake lysta på å lære meir, seier Haldar.

I dag går det 20 prosent fleire elevar på folkehøgskular enn det gjorde for ti år sidan. I eit årskull utgjer elevar på folkehøgskular 11 prosent, noko som er omtrent like mange som i Forsvarets førstegongsteneste.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix