Annonse

Forbrukartilsynet: - Sjekk skulekontrakten din

Alle som har fått studieplass til hausten - særleg dei som skal inn på privatskular - bør sjekke vilkåra før dei takkar ja, oppfordrar Forbrukartilsynet.

Oppfordringa på tilsynets nettstad om å sjekke kva ein forpliktar seg til, kjem berre nokre dagar før hovudopptaket frå Samordna opptak er klart 20. juli.

Tilsynet har tidlegare avdekt urimelege vilkår i kontraktane studentar ved privatskular er tilbode. Blant anna var det skular som kravde semesteravgift før det samordna opptaket var klart. Dermed forplikta studentane seg før dei visste om dei hadde komme inn på andre studium.

- Ei utdanning kan koste fleire hundre tusen kroner. Då er det viktig at du veit kva for rettar og plikter du har før du takkar ja, seier nestleiar Bente Øverli i Forbrukartilsynet.

Noko av det haustens blivande studentar blir tilråda å sjekke, er fristar for å seie opp skuleplassen, kva det kostar å avbryte studiane og kva for reglar som gjeld ved sjukdom.

Ein oppdatert rettleiar for skulane skal gjere det lettare å unngå å hamne i konflikt med elevane.

- Målet er at det skal bli enklare for skulane å følgje marknadsføringslova og angrerettlova når dei urformer kontraktane sine. Det skal også hjelpe studentane, slik at dei ikkje hamnar i uønskte situasjonar, seier Øverli.

(©NPK)