Annonse

Foreslår å fjerne krav til drosjeløyve ved samkøyring

(NPK-NTB): Regjeringa vil ha ein friare drosjemarknad og foreslår å fjerne dagens krav til drosjeløyve under visse vilkår. I tillegg vil dei fjerne plikta løyvehavarane har til å vere tilknytt ein drosjesentral.

Annonse

– Drosjenæringa får med dette forslaget eitt regelverk som er enklare og betre tilpassa dagens behov og ny teknologi, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

Det vil ikkje bli stilt krav om løyve når sjåføren tar med seg passasjerar som «har eit samanfallande transportbehov som sjåføren, og betalinga for turen ikkje er høgare enn kostnadene ved transporten fordelt mellom dei som er i bilen», heiter det i forslaget.

I dagens yrkestransportlov er også såkalla samkøyring nemnt, men etter gjeldande reglar kan ein berre samkøyre med kollegaer og naboar, og berre om transporten skjer mellom heim og arbeidsstad.

– Drosjenæringa vil med dette forslaget stå betre rusta til å utvikle nye og meir kunderetta tenester og driftsformer, seier samferdselsministeren om forslaget til endringar i yrkestransportlova.

– Regjeringa håpar det nye regelverket vil gi større variasjon i drosjetilbodet, og legg til rette for reell konkurranse i drosjenæringa, heiter det i høyringsnotatet. Høyringsfristen er sett til 1. mars 2017. (©NPK)