Annonse

Forskar undrar seg over CO2-reknestykket til regjeringa

(NPK-NTB): TØI-forskar Kjell Werner Johansen får ikkje reknestykket til regjeringa for utsleppskutt gjennom auka drivstoffavgifter til å gå opp.

– Det er ikkje eit realistisk reknestykke, dei tar utgangspunkt i for høge reduksjonar, seier Johansen til Dagbladet.

Kjelder tett på forhandlingane seier til avisa at auken i dieselavgifta med 35 øre vil gi ein kortsiktig effekt på 100.000 tonn CO2, auken i bensinavgifta med 15 øre vil gi ein reduksjon på 14.000 tonn, medan mineraloljeavgifta som vert foreslått auka med 20 øre, vil redusere utsleppa med 75.000 tonn – til saman 189.000 tonn.

Kjell Werner Johansen, som er assisterande direktør i Transportøkonomisk institutt (TØI), meiner avgiftsauken for diesel i beste fall vil kunne gi ein reduksjon på 30-40.000 tonn CO2, medan bensinavgiftsauken maksimalt vil gi ein reduksjon på 4-5.000 tonn.

Også hos miljøorganisasjonen Zero er ein kritisk:

– Dette gir ikkje utsleppskutt, i beste fall aukar det mindre enn det gjorde i fjor. Så dette er ikkje ein «betydeleg reduksjon», seier Zero-leiar Marius Holm.

Finansminister Siv Jensen (Frp) seier berekningane departementet har gjort, er basert på dei beste tilgjengelege anslaga på korleis endringane i avgifter slår ut i etterspurnaden etter dei ulike produkta. (©NPK)