Forskarar: – Spedbarn bør dele rom med foreldra

(NPK-NTB-AFP): For å unngå krybbedød blant spedbarn bør barna sove i same rom som foreldra det første året, ifølgje ein amerikansk studie.

American Academy of Pediatrics (AAP) står framleis fast på at spedbarn skal sove på ryggen på ei romsleg overflate utan leiker eller teppe i nærleiken. Desse retningslinjene blei endra på 90-talet og etter det er tilfella av krybbedød reduserte med 50 prosent.

Dei nye reglane til AAP, som er endra sidan førre rapport i 2011, går ut på at spedbarn bør sove i same rom som foreldra, dei første seks månadene til eitt år – men ikkje i same seng.

– Foreldre burde aldri plassere barnet i ein sofa eller i ein mjuk stol, verken åleine eller saman med ein annan person. Vi veit at desse overflatene er ekstremt farlege, seier Rachel Moon i AAP.

Krybbedød er den vanlegaste årsaka til død blant spedbarn. Mange blir kvelte av sengetøy, leiker eller samantrykte mellom sofaputer. Andre døyr av overoppheting, eller stopper å puste av utan openberr grunn. (©NPK)