Forskarar vil lage sjukdomsresistente jordbær

(NPK-NTB): Forskarar ved NIBIO tek i bruk ein ny type genteknologi når dei skal prøve å lage jordbær som er resistente mot blant anna gråskimmelsopp.

I sommar øydela soppen rundt 40 prosent av jordbæravlinga. No vil forskar Tage Thorstensen ved Norsk institutt for Bioøkonomi (NIBIO) lage meir motstandsdyktige bær, som kan takle både gråskimmelsopp og andre sjukdommar. Til den oppgåva brukar han ein ny type genteknologi, som går under namnet Crispr-metoden, skriv Nationen.

– Det vi skal gjere er kort og godt å lage ein liten mutasjon ved hjelp av genredigering i genar som er involverte i sjukdomsresistens i markjordbær, forklarer han. Etterpå skal han og kollegaene teste korleis den muterte planten reagerer på sjukdom. Målet er å utvikle nye kommersielle jordbærvariantar. Ifølgje Thorstensen er Crispr-metoden meir målretta, enklare og billigare enn tradisjonell genmodifisering (GMO).

– Den nye planten vil ikkje skilje seg frå ein plante som har fått ein mutasjon på anna vis. Det vil ikkje vere ein GMO-plante i tradisjonell forstand, forklarer han. Derfor meiner han den bør bli regulert annleis enn GMO-planter. Førebels er det ikkje noko eige Crispr-regelverk.

Nettverk for GMO-fri mat synest teknologien og forskinga er interessant og vil vente på konkrete resultat før dei seier om dei er for eller mot Crispr-metoden. (©NPK)