Forslag om selkvote på 665 dyr

(NPK-NTB): Fiskeridirektoratet foreslår ein kvote på 455 steinkobbar og 210 gråselar neste år. Det er same nivå for kystsel som i år.

Høyringsfristen for forslaget er 2. desember.

For steinkobbe var fangsten i år 347 dyr av ein kvote på 455. Neste år er det foreslått same kvote, og Nordland får den største delen med 185 selar.

Medan kvoten på havert, også kjent som gråsel eller havkobbe, var på 210 i år, vart det berre tatt 23 dyr. Fiskeridirektoratet går inn for same kvote neste år, og 150 av desse kan takast i området frå Vesterålen til Varanger. (©NPK)