Første avretting i Nebraska sidan 1997

Ein dobbeltdrapsdømd mann er avretta i Nebraska, den første amerikanske delstaten som har brukt stoffet fentanyl ved fullbyrding av ein dødsdom.

Avrettinga skjedde ved injeksjon tysdag. Det syntetiske opioidet fentanyl var ein del av tre andre injeksjonar og blei sett i armen til Carey Dean Moore som sprøyte nummer to. Carey blei dømd til døden i 1979 for å ha drepe to drosjesjåførar.

60-åringen blei erklært død klokka 10.47 lokal tid tysdag etter at han blei injisert med ei giftblanding som aldri tidlegare er blitt prøvd ved avretting i USA.

Moore sjølv hadde ikkje klaga på avrettinga, som var den første i ein delstat i Midtvesten på 21 år. Men andre innvendingar blei sette fram i siste augneblink.

Delstatar som framleis praktiserer dødsstraff, har lenge hatt problem med å skaffa seg giftstoffa som vanlegvis blir brukt ved avrettingar. Tre av dei fire substansane som var med i avrettinga i Nebraska, har ikkje vore brukt tidlegare i ein slik samanheng.

Nebraska avretta sist ein person i 1997, då i ein elektrisk stol.

Ei menneskerettsgruppe som kjempar mot avrettingar, seier at Carey i 2015 skulle ha fått dommen gjort om til livsvarig fengsel. Då blei dødsstraff avskaffa i Nebraska. Men praksisen blei innført på nytt allereie i november 2016 etter ei folkeavstemming.

Carey har sete 38 år på dødscelle og har sagt at han ikkje ville ha fleire utsetjingar.

(©NPK)

Fentanyl er for første gang brukt under ei avretting i USA. Injeksjonen er ein av fire som tok livet av Carey Dean Moore. Han blei dømd for to drap i 1979.
Foto: AP/NTB scanpix

Carey Dean Moore blei avretta i Nebraska tysdag. Foto: Nebraska Department of Correctional Services via AP / NTB scanpix