Annonse

Forsvaret skal trene meir med USA

Regjeringa vil ha meir trening med Nato i Noreg. Ei eiga gruppe skal gå grundig gjennom korleis det vil bli gjennomført i praksis.

Annonse

I langtidsplanen for Forsvaret heiter det at «regjeringa legg opp til auka alliert øving og trening på norsk territorium».

Forsvarsminister Ine Eriksen Søreide la fredag fram planen for Hæren og Heimevernet.

Forsvarsstaben jobbar med eit nytt opplegg for alliert trening i Noreg. Ei eiga gruppe ser på korleis Noreg skal nå målet om å trene meir saman med styrkar frå andre NATO-land. Det arbeidet blir tett følgt av sikkerheitspolitisk avdeling i Forsvarsdepartementet, skriv Klassekampen.

I planen står det at alliert støtte «skal vere tilgjengeleg før ei krise eller konflikt blir for stor til at Noreg åleine kan handtere den».

Søreide og brigader Aril Brandvik, som leidde arbeidet med landmaktutgreiinga, var ikkje tilgjengeleg til å svare på spørsmål frå avisa måndag.

Departementets kommunikasjonsavdeling viser til at målet om auka trening med allierte også er med i den vedtatte Langtidsplanen for Forsvaret.

(©NPK)

Forsvarsminister Ine Eriksen Søreide presenterte fredag landmaktutgreiinga. Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix