Foss meiner Solberg er upresis om terror-rapporten

Riksrevisor Per-Kristian Foss seier statsminister Erna Solberg (H) er upresis når ho seier at sivile mål ikkje er ein del av rapporten om objektsikring.

Riksrevisor Per-Kristian Foss seier statsminister Erna Solberg (H) er upresis når ho seier at sivile mål ikkje er ein del av rapporten om objektsikring.

Både Ap-leiar Jonas Gahr Støre og SV-leiar Audun Lysbakken reagerte då Solberg under partileiardebatten denne veka sa at kritikken frå Riksrevisjonen om manglande objektsikring berre handlar om bygningane til Forsvaret og politiet.

- På spørsmål om vår rapport også omfattar sivile installasjonar, som til dømes straumforsyning, vatn og datasentralar, så er svaret ja, seier Foss til NTB.

Statsministeren, forsvarsministeren og justisministeren er alle kalla inn til høyring i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget 27. august om Riksrevisjonens rapport.

«Svært alvorleg»

Foss presiserer at grunnsikringa av sivile installasjonar, til dømes alarmsystem eller fysiske hindringar, er det eigarane som betaler rekninga for. Men eit eventuelt terrorangrep mot dei blir handtert av politiet og Forsvaret, og det er blant anna her Riksrevisjonen gjentar kritikken frå den første rapporten i 2016.

Både den gong og no har Riksrevisjonen konkludert med at svikten er «svært alvorleg» - som er den sterkaste graden av kritikk frå det haldet.

Solberg upresis

- Sjølv om politiet og Forsvaret har komme litt lenger enn for eitt år sidan, har dei framleis ikkje blitt samde om kven som skal rykke ut kor. Dei er heller ikkje samde om kva for sivile institusjonar som skal bli utpeikt. Fristen for dette var i 2015, og no er det 2018, og dei har framleis ikkje blitt samde om lista for fordeling, seier Foss til NTB.

- Men i partileiardebatten sa Solberg at det berre handlar om Forsvarets og politiets eigne bygningar?

- Her er ho upresis. Viss ho meiner grunnsikring, så handlar rapporten ikkje om grunnsikring av sivile objekt. Men det vi skriv om sikringsstyrkar (politiet og Heimevernet), omfattar også sivile objekt, slår Foss fast.

- For snevert

Leiaren av kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget, Dag Terje Andersen (Ap), meiner Solberg prøver å snevre inn temaet for den kommande høyringa.

- Statsministeren prøver å snakke om noko heilt anna enn det rapporten handlar om. Når det blir skapt inntrykk av at dette berre handlar om grunnsikring av militære og politiets objekt, er det alt for snevert. Rapporten handlar om politiets og Forsvarets evne til samhandling, felles forståing av regelverket og evna deira til å sikre samfunnskritiske objekt, ikkje berre deira eigne objekt, seier Andersen til NTB.

- Kan ein seie at satsministeren prøver å bagatellisere alvoret i rapporten?

- Ho flytter i alle fall merksemda vekk frå det som er hovudpoenget i rapporten. Eg føreset at ho i høyringa steller seg til innhaldet i Riksrevisjonens rapport.

Topptung høyring

I tillegg til Solberg møter også forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) og forgjengaren, no utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H), og justis- og beredskapsminister Tor Mikkel Wara (Frp) og forgjengarane Sylvi Listhaug (Frp) og Per-Willy Amundsen (Frp) i høyringa.

Frå etatane kjem politidirektør Odd Reidar Humlegård og avdelingsdirektør for politiberedskap og krisehandtering Knut Smedsrud, forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen og HV-sjef Eirik Johan Kristoffersen, og direktør for Nasjonalt tryggingsorgan Kjetil Nilsen.

- Eg håper alle som deltar i høyringa, har lest rapporten, for då vil det gå mykje betre, seier Foss.

(©NPK)

Statsminister Erna Solberg (H) er upresis når ho seier at sikring av sivile mål ikkje er del av rapporten om objektsikring, seier riksrevisor Per-Kristian Foss.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix