Fotball-VM blei radiosuksess

NRK jublar over knalltal på radio under fotball-VM. - Oppsiktsvekkjande gode tal, seier fungerande mediedirektør i NRK, Arne Helsingen.

Lyttarane har strøymt til den digitale radiokanalen NRK Sport.

- Vi har vore heilt oppe i 28 prosent marknadsdel på den mest høyrde kampen (kvartfinalen Russland-Kroatia). NRK Sport er ein liten kanal, men folk finn fram til kanalen når dei har behov. Dei brukar radioen aktivt også under eit VM. Når det er fint sommarvêr, er det nok mange som oppheld seg utanfor TV-stova. Då er det mange som tar i bruk den reindyrka kanalen vår, seier Helsingen til NTB.

Normalt har NRK Sport ein lyttardel på to prosent.

Flest lyttarar var innom åttedelsfinalen mellom Spania og Russland. 202.000 personar valde radioen for å følgje kampen der vertsnasjonen Russland vann på straffespark. 47.000 av dei følgde heile sendinga. Delen var på 16,5 prosent. Ei rekke VM-kampar hadde over 170.000 lyttarar.

Berre P1 større

Kampane mellom Kroatia-England (26,1 prosent), Frankrike-Kroatia (22,1), Frankrike-Belgia (21,6) og Sverige-England (21,6) hadde alle ein lyttardel på over 20 prosent.

I dei tidspunkta var berre flaggskipet P1 større.

- Folk finn fram til dei forskjellige kanalane. Behovet for å følgje sport er ofte stort, og det er gledeleg at så mange finn fram til NRK Sport. Kanalen har tal som verkeleg er store, seier Helsingen.

- Vi har sett det same under OL og større meisterskap som ski-VM. Folk bruker kanalen aktivt. Generelt er trenden at dei store meisterskapa har ei interesse langt utover særinteressene. Når fotball-VM samlar over millionen på dei store kampane når vi ser tal for radio og TV samla, forstår ein at det er hendingar som trekker fleire folk enn dei reint sportsinteresserte.

Talet for Tour de France ligg på 50.000 lyttarar i snitt per etappe og ein del på 2,2 prosent. I fjor var snittet 47.000 lyttarar og ein del på 2,8 prosent. Fleire av etappane har god lyttartid (snitt 42,7 minutt).

(©NPK)

Fotball-VM sørgde for knalltal for radiokanalen NRK Sport. Foto: Matthias Schrader / AP / NTB scanpix