Annonse

Fourcade på gulltoppen

Martin Fourcade har no fleire OL-gull enn nokon annan franskmann. Ved å avgjere blanda stafett blei han også den første med tre gull i Pyeongchang-leikane.

Annonse

Likevel ville ikkje den franske skiskyttarstjerna sette seg sjølv i fokus etter tysdagens triumf.

- Dette var ein stor siger for heile laget og alle hjelparane våre, sa han.

- Ingenting betyr meir enn dei gongene du kan dele sigeren med lagkameratane. Det er ei utruleg kjensle.

Med sitt femte OL-gull la han fektarane Christian D'Oriola og Lucien Gaudin bak seg og blei den mestvinnande franske utøvaren i den olympiske historia.

- Han er heilt utruleg, sa lagkamerat Simon Desthieux, som sende Fourcade ut på ankeretappen på 3.-plass, 32,6 sekund bak leiande Tyskland.

Etter sigrane på jaktstart og fellesstart tok Fourcade ein ny triumf mann mot mann. Han skaut feilfritt og gjekk forrykande, medan Emil Hegle Svendsen måtte bruke eitt ekstraskot på kvar skyting og enda 20 sekund bak.

Tyske Arnd Peiffer svikta på ankeretappen sin og var sjanselaus i gullkampen. I staden vann Italia bronse.

Fourcade kunne vifte med eit fransk flagg på oppløpet.

- Hjartet mitt heldt på å eksplodere av stoltheit, sa lagvenninna Anaïs Bescond, som gjekk 2. etappe og veksla 48,9 sekund bak teten.

Marie Dorin Habert var første kvinne på det franske laget.

(©NPK)

Martin Fourcade gjekk Frankrike inn til siger på blanda stafett. No er han historias mestvinnande franskmann i olympiske leikar, og den første utøvaren med tre gull i Pyeongchang-OL. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix