Framleis eksportstans til Kina for tre av Noregs største laksegigantar

I juli oppheva Kina lakseforbodet i Nordland, Troms og Sør-Trøndelag, men tre av dei største laksegigantane i landet får framleis ikkje eksportere til Kina.

Det var stor jubel i laksenæringa førre månad då Kina oppheva eksportrestriksjonane frå dei tre fylka og forholdet var tilsynelatande normalisert igjen.

No viser det seg at Kina framleis ikkje har godkjent oppdrettsselskapet Nordlaks, som framleis er totalt utestengt, ifølgje Fiskeribladet. Salmars slakteri på Frøya i Trøndelag og Lerøys slakteri på Skjervøy i Troms er heller ikkje godkjent.

- Det var på laks frå nettopp desse tre det var påståtte funn som gjorde at dei stengde. Vi veit ikkje kvifor dei ikkje er godkjent igjen enda, og har sendt over informasjon til kinesiske styresmakter med ønske om at også desse blir opna, seier seniorrådgjevar Harald Misje i Mattilsynet.

Bakgrunnen for at Kinas tre år lange eksportrestriksjon på norsk laks var frykt for at kinesisk fisk skulle bli smitta av fiskesjukdomar som PD og ILA, som var påvist i dei utestengde fylka.

Dei fleste land, inkludert Noreg, har ingen restriksjonar mot fisk som har hatt denne sjukdommen, ettersom det er ikkje er farleg å ete laks med PD. Kina har likevel eit slikt krav, og i fjor underteikna Kina og Noreg ein lakseprotokoll der partane blei samde om at det berre kan bli eksportert laks frå oppdrettsanlegg utan mistanke eller påvising av fiskesjukdomane ILA eller PD.

(©NPK)

Oppdrettslaksen til fiskebedrifta SalMar på Frøya i Trøndelag er framleis ikkje godkjent av Kina og dei nektar å importere laks derfrå.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix