Annonse

Framleis mykje ugjort for Ap på Stortinget

Ap-leiar Jonas Gahr Støre summerer opp siste halvår med å konstatere at Ap har fått viktige gjennomslag i Stortinget sidan hausten 2017.

Annonse

Partiet meiner dei på fleire område har sørgd for ein meir rettferdig politikk som varetar arbeidstakarar og sikrar små forskjellar og sterke fellesskap.

Samtidig er det ei rad saker der partiet har enda i mindretal, kunne Støre konstatere saman med nestleiar Hadia Tajik og partisekretær Kjersti Stenseng.

Partiet presenterte ti punkt der dei, saman med andre opposisjonsparti, har fått gjennomslag i Stortinget hausten 2017 og våren 2018, og ti punkt der dei ikkje har fått fleirtal.

Ap har blant anna fått fleirtal for fleire saker dei meiner fører til eit tryggare arbeidsliv. Blant anna har Stortinget vedtatt ei kraftig innstramming i moglegheita til å leige inn arbeidskraft. Partiet meiner også dei har fått fleire i arbeid og sikra at norske arbeidsplassar beheld norske vilkår. Her blir særleg Color Line-saka trekt fram.

Ap er også fornøgd med å ha bidratt til å hindre at regjeringa stoppa tilskotet til rehabilitering av eldre sjukeheimar og med å ha bidratt til å auke fedrekvoten til 14 veker.

På lista over saker partiet har fremma, men ikkje fått fleirtal for, er blant anna forslaget om ei tiltakspakke mot arbeidskriminalitet, ein aktivitetsreform retta mot unge uføre, rett til pensjonsopptening frå første krone, styrking av Forsvaret og å avvikle fritt behandlingsval og heller styrkje fritt sjukehusval.

Også i klimapolitikken konstaterer Ap at dei ikkje har fått gjennomslag for ein meir offensiv politikk for å få ned utsleppa.

(©NPK)

Jonas Gahr Støre, Hadia Tajik (t.v.) og Kjersti Stenseng under Arbeidarpartiets halvårlege pressekonferanse. Her presenterte Ap ei liste med kva dei har fått til i opposisjon og kva dei ikkje har fått til det siste halve året.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix