Annonse

Hjelpearbeidar lauslaten i Kongo

Ein kongolesisk hjelpearbeidar som vart tatt som gissel aust i Kongo laurdag, er sett fri. To av kollegaene hans vart drepne.

Annonse

Alle tre jobba for den franske organisasjonen Hydraulique sans Frontieres (HYFRO), som driv med vassreinsingsprosjekt.

- Han hadde fleire kutt i fjeset då vi fann han, opplyser HYFRO-leiar Richard Kahindo.

Mannen vart bortført laurdag då maskerte, væpna menn angreip bilen han sat i nær landsbyen Mushikiri i Nord-Kivu aust i Kongo.

Det var fire personar i bilen. I tillegg til mannen som vart bortført, vart to personar, ein ingeniør og sjåføren, drepne. Den fjerde mannen klarte å rømme.

Bortføring av utlendingar og kongolesiske personar knytt til humanitære organisasjonar er ikkje uvanleg i Nord-Kivu, der det er meldt om nye kraftige samanstøytar mellom militsar frå ulike folkegrupper den siste tida.

Hjelpearbeidarar er også blitt utsette for angrep og valdshandlingar i Kongo tidlegare. I fjor vart ein amerikansk mann og ei svensk kvinne drepne i Kasai-provinsen sentralt i landet.

(©NPK)