Annonse

Fredskorpset skiftar namn og flyttar til Førde

Fredskorpset har fått det nye namnet Norec og flytta inn i nytt hovudkontor i Førde.

Norec er ei forkorting av fredskorpsets engelske namn, Norwegian Agency for Exchange Cooperation, eller Norsk senter for utvekslingssamarbeid på norsk.

Dei nye lokala i Førde blei innvigt av utviklingsminister Nikolai Astrup (H) torsdag.

- Det er ei stor glede å få opne Fredskorpsets nye hovudkontor i Førde. Flyttinga gir oss eit godt grunnlag til å gi Fredskorpset ny framdrift under det nye namnet Norec, seier han.

- Samarbeid på tvers av landegrenser og sektorar er fundamentalt for å nå berekraftsmåla. Norec skal vere eit kompetansesenter for utvekslingsverksemd slik at deltakarane medverkar til fagleg utvikling under utvekslinga og når dei kjem heim, fortset Astrup.

Regjeringa vedtok allereie i fjor at Fredskorpset, med sine rundt 40 tilsette, skulle flyttast frå Oslo til Førde. Bakgrunnen var eit ønske om å sikre sterke internasjonalt retta fagmiljø også utanfor Oslo, sa daverande utanriksminister Børge Brende (H).

Fredskorpset blei etablert i 1963 og har i 55 år organisert utveksling av meir enn 10.000 personar mellom Noreg og ulike samarbeidsland.

(©NPK)